På Sæbø Camping har faste gjestar campingvogn med selvbygga og tilpassa platting foran vogn og fortelt oppå. Fordi me kun er ope om sommaren og 89 % av aukans besøkande var internasjonale i 2019, har faste gjester tradisjonelt sett vore ein liten del av aukans trafikk og satsing. Mange med fast campingvogn forvente idag å kunne ha spikertelt, men det har me ikkje tillatt så langt og har med infrastruktur, i tillegg til kva som er mest berekraftig per idag, å gjere. Me har i 2021, 14 faste campingvogner, som har vore hjå oss i alt frå 15-53 år, og ønsker nye faste besøkande velkomne! Pris er 6000,- for sommerleie og 1500,- for å lagre vognen på same plass på vinteren. Strøm kjem i tillegg. Vi har for tiden 4-6 ledige faste plasser. Nokre har vore i kontakt allereie men, det ser ut til at ein del vegrar seg på grunn av det ikkje er heilt same komforten som med spikartelt, og at det er ein del arbeid med å forankre vogn og bygge platting. Kort fortalt må vognen forankrast med jordspyd og jekkestroppar, og platting må ikkje gå ut over størrelsen på forteltet. Me kan vere behjelpeleg med forankring og bygging av platting mot betaling.